Skip to main content

Feltpost – kommunikasjon gjort enkelt!

Ønskjer du å nå alle tilsette, utan kompliserte system, passord eller e-post? Feltpost er ein app som gir deg ein enkel måte å kommunisera med alle, enten dei jobbar på kontor, ute i felten eller er midlertidige tilsette.

Nøkkelikon

Ingen passord – ingen barrierar! 
Tilsette loggar inn med mobilnummeret sitt og får tilsendt ein eingongskode. Du treng verken å hugsa passord, ha jobb e-post eller PC.

Ikon av mobil

Rett på mobilen – alltid tilgjengeleg.
Tilsette får pushvarslingar rett i appen. Varslingar kan óg sendast på SMS, slik at ingen går glipp av viktige beskjedar.

Ikon av pensel

Tilpassa di bedrift. Feltpost kan enkelt tilpassast med logo og fargar slik at den vil sjå ut og følast som ein naturleg del av bedrifta di.

Hånd som held telefon med Nordic Steel appen i bruk

– Appen er eit fantastisk verktøy for internkommunikasjon, der vi deler alt frå kontraktar vi får til sosiale aktiviteter som folk kan vere med på. Kommentarfeltet gjer det mogleg med dialog og spørsmål, det er veldig bra. Vi får tilbakemeldingar på at ansattkatalogen er heilt uvurderleg. Namn, bilete og kontaktinformasjon, med spesiell framheving av dei nytilsette, gjer det lett å ha oversikt over kollegaene våre. Det er spesielt viktig for oss som er i stor vekst, og som har fleire lokasjonar.

Kjersti Sandvik Bernt
Head of Communications and Sustainability, Nordic Steel

Fekk du med deg det? Ingen passord.

Du loggar deg inn med mobilnummeret og me sender deg ein kode når du skal logga inn. Du forblir innlogga ganske lenge og me sender ein ny kode om du treng det.

– Ny runde med bowling! Det vil eg melda meg på!

Sørg for at alle tilsette får med seg det som skjer og kan melda seg på det som skjer av kjekke ting.

– Sjekk den fine utsikten frå kontoret i dag!

Del gilde ting frå arbeidsdagen med kollegaene dine.

– Korleis får eg tak i Bjørn på lageret?

Du finn alle folka på ein stad. Lurar du på namnet til han eller ho du plar sjå i kantina finn du óg bilete av alle saman.

– Kva var passordet til WiFi-en no igjen?

WiFi-passord, firmarabattar og andre viktige ting som kvar du kan bestilla overtidsmat. Du finn enkelt svaret på vanlege ting du lurar på.

Kva kostar det?

39 kr/mnd

per brukar

0.75 kr

per sms

0 kr*

per pushvarsling

Kor mykje må eg betala?

Om du har 20 tilsette,
kostar det 780 kr/mnd.

* Om brukaren ikkje har slått på pushvarsling på telefonen får dei ein sms, det kostar 0.75kr per sms.

Vil du ha feltpost?

Kult! Send oss ein fax! Neida, du kan kontakta Bjørnar på bjornar@grensesnitt.no eller ringa han på 911 00 918.